Handarbeidslaget Sans og Samling er ein organisasjon for alle som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast på Systrond og som ønskjer å bidra til å skape sosiale møteplassar for medlemmane og andre i Leikanger kommune.
Kontakt:
- e-post: handarbeidslaget@sansogsamling.net
- telefon til leiar, Sigrun: 99044666
- telefon til butikkansvarleg, Anne Lise: 90845855
Eller kom innom på butikken Sans og Samling i Riverdalen 2 – kjellaren til Sogn Tavle og Data/Fjordklipp.
Opningstider:
- Laurdagar frå 11 til 14
Kurs og aktivitetar
På aktivitetskveldar og kurs i regi av handarbeidslaget kan alle som vil lære meir om handarbeid og handtverk. Desse vil vere retta både mot vaksne og mot born og unge. Vi håper at våre aktivitetar kan utgjere eit alternativ til eksisterande tilbod i bygda og bidra til å auke mangfaldet.
Heimeproduktbu
Handarbeidslaget driv ein liten butikk der ein kan få kjøpt heimelaga produkt. Her kan du blant anna finne strikka og sydde klede og tilbehør til både vaksne og born, sydde og vevde dukar, pyntegjenstandar, treskjæringsprodukt, smykker, glaskunst, fotokunst og dokkeklede.
Om du er på jakt etter noko spesielt så kan du ta kontakt med oss så kan vi sjå om det er mogeleg å skaffe.
Styret
Styret til Handarbeidslaget Sans og Samling, vald på Årsmøte 2017:
- Sigrun Espe (leiar), sigrun.espe@gmail.com, 99044666
- Anne Lise Breidvik (butikkansvarleg), anne.breidvik@gmail.com, 90845855
- Marit Anita Skrede
- Liv Torill Espe
- Elin Østevik
- Ruthild Dale (vara)
Vedtekter for Handarbeidslaget Sans og Samling
Sist endra: Årsmøte 2022
- 1 Namn
Lagets namn er: Handarbeidslaget Sans og Samling, og det vart stifta 10. mars 2014.
- 2 Formål
Handarbeidslaget Sans og Samling skal vere ein organisasjon for alle som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast på Systrond og som ønskjer å bidra til å skape sosiale møteplassar for medlemmane og andre i Leikanger kommune.
- 3 Juridisk person
Laget er sjølveigande og ein frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.
- 4 Medlemmar
Medlemskap er ope for alle. Ein betalar ein medlemskontingent bestemt av årsmøtet.
- 5 Stemmerett og valbarheit
Alle medlemmar som har betalt medlemskontingent når Årsmøtet startar har stemmerett og kan stille til val.
- 6 Kontingent
Kontingenten vert bestemt av årsmøtet og gjeld for eit kalenderår.
- 7 Godtgjersle til tillitsvalde
Tillitsvald skal ikkje ha honorar for sine verv.
- 8 Årsmøte
Årsmøtet, som vert avvikla innan utgongen av februar, er laget sitt høgste mynde.
Styret kallar medlemmane inn til Årsmøte seinast ein månad innan møtet. Forslag som skal handsamast på Årsmøtet skal sendast skriftleg til styret seinast to veker før møtet. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet.
Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å være til stade.
Årsmøtet er vedtaksført med det talet på medlemmar med stemmerett som møter. Ingen har meir enn ei stemme, og stemmegiving kan ikkje skje ved fullmakt.
Årsmøtet kan bare handsame forslag om vedtektsendring som er oppført på sakslista seinast ei veke før møtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei med stemmerett som er på møtet krev det. Ei slik avgjersle kan bere fattast når ein godkjenner sakslista.
- 9 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet vert leia av vald ordstyrar. Ordstyraren må ikkje vere medlem av laget.
- 10 Stemmegiving på årsmøtet
Med mindre anna er bestemt skal eit vedtak for å vere gyldig vere fatta med alminneleg fleirtal av dei gitte stemmene. Blanke stemmer vert sett på som ikkje gitt.
Val vert gjennomført skriftleg om det er meir enn eitt forslag. Berre føreslåtte kandidatar kan førast opp på stemmesetelen. Val føregår enkeltvis. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje har vorte føreslått, eller fleire eller færre kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje, og stemmene vert sett på som ikkje gitt.
- 11 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal:
- Handsame årsmelding
- Handsame regnskap
- Handsame innkomne forslag
- Fastsette kontingent
- Vedta budsjett
- Velje leiar, 4 styremedlemmar, ein vara og valnemnd. Leiar og vara vert vald for eitt år, styremedlemmane og valnemnda vert vald for to år. To av dei 4 styremedlemmane er på val kvart år slik at ein sikrar ei overlapping i tilfelle utskifting. Styret konstituerer seg sjølv etter Årsmøtet.
- 12 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter vert halde når styret eller minst ein tredjedel av medlemmar med stemmerett ønskjer det.
Ein kallar inn på same måte som for ordinære årsmøter, minst 14 dagar innan møtedatoen.
Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og ta avgjersle i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.
- 13 Styret
Laget vert leia av et styre på 4-6 personar samt ein vara. Styret er høgste organ mellom årsmøta og skal styre laget i tråd med årsmøtevedtak.
Styret har ansvar for å sørgje for butikkdrift, ta inn medlemskontingent, kalle inn til årsmøte, koordinere aktivitetar, opprette arbeidsgrupper etter behov, budsjett, rekneskap, rapportar og, evt. søke eksterne midlar.
Styret har møte ved behov eller ønskje.
Styret er vedtaksført når et fleirtal av medlemmane er til stade. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gitte stemmene. Ved likt tal stemmer tel møteleiaren si stemme dobbelt.
- 14 Vedtektsendring
Vedtektene kan berre endrast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, med 2/3 fleirtal av gitte stemmer.
- 15 Oppløysing
Dette punktet kan ikkje endrast.
Oppløysning av Handarbeidslaget Sans og Samling kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Om oppløysning vert vedteke med minst 2/3 fleirtal, kallast det inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare.
Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysning. Vedtak om samanslutning og nødvendige vedtektsendringar knytt til dette vert fatta samsvar med § 14.