Huldri og Handarbeidslaget inviterer til «Maol og sup» på Herman 29. april 18.00- 22.00
Huldri er Helena Bremer Farsund, kunstnar og artist frå Hafslo busett i Førde. Til dagleg driv ho Huldri galleri i Førde og tek på seg kreative oppdrag av ulike slag.
Pris pr.pers.:
- 450 kr for medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling (Bli gjerne medlem! https://www.sansogsamling.net/meld-deg-inn-i-handarbeidslaget/)
- 600 kr for andre
Inkludert i prisen: Huldri kjem med alt utstyr. Bordstaffeli, maling og penslar, lerret og seg sjølv som instruktør!
Huldri hjelper, viser og forklarar før de byrjar og undervegs!
Påmeldingsfrist: laurdag 15. april
Påmelding til: huldrigalleri@gmail.com
VIPPS: kr 600/ kr450 (for medlemmar av handarbeidslaget Sans og Samling) til huldrigalleri (Vippsnr. 789684), merk med «Maol og sup 29.april».
«Maol og sup» er ein herleg sosial aktivitet der du kan nyte god drikke, latter, leik og MORRO med maling. Dette er ikkje eit kurs, så om det høyrest litt skummelt ut… pust ut og vit at du ikkje treng ha noko bakgrunn innan maling for å Vere med. Maleriet får du sjølvsagt med deg heim.