Saksliste og sakspapir til Årsmøtet i Handarbeidslaget Sans og Samling 2017
Tid: Tysdag 28. februar kl 18.00
Stad: Sans og Samling, Riverdalen 2
Saksliste:
-
Godkjenning av innkalling
Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 19. januar. Informasjon vart også lagt ut på heimesida.
-
Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
-
Årsmelding 2016
Styret presenterer årsmeldinga for 2016.
Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2016 til orientering.
-
Rekneskap 2016
Styret presenterer rekneskapet for 2016.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2016.
-
Vedtekter
Det har ikkje kome inn forslag til vedtektsendringar.
-
Fastsette kontingent for 2018
Årsmøtet set kontingentsatsen for 2018.
Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2018 til kr 400.
-
Budsjett 2017
Styret presenterer forslag til budsjett for 2017.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2017.
-
Årsplan 2017
Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2017. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.
-
Val av styre og valnemnd
Valnemnda presenterer si innstilling.
Vedlegg:
Pingback:Strikkekafé på Sans og Samling – Handarbeidslaget Sans og Samling