No er det ei veke igjen til årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling, og her er sakspapira. Vi håper mange har lyst å delta. Det er også lov å kome litt seint og vere med berre på strikkekafé.
Når: tysdag 26/2 – årsmøte frå kl 19, strikkekafé frå kl 20.
Kvar: Cafe Herman
Det vert servering av mat og sal av drikke.
Saksliste
- Godkjenning av innkalling
Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 28. januar. Informasjon vart også lagt ut på heimesida og på Facebook. - Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
Forslag til møteleiar: Sigrun Espe - Årsmelding 2018
Styret presenterer årsmeldinga for 2087.
Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2018 til orientering. - Vedtekter
Det har ikkje kome inn forslag til vedtektsendringar. - Rekneskap 2018
Styret presenterer rekneskapen for 2018.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2018. - Fastsette kontingent for 2020
Årsmøtet set kontingentsatsen for 2020.
Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2020 til kr 400. - Budsjett 2019
Styret presenterer forslag til budsjett for 2019.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2019. - Årsplan 2019
Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2019. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet. - Val av styre og valnemnd
Valnemnda presenterer si innstilling.
Vedlegg:
- Årsmelding 2018
- Rekneskap 2018
- Budsjett 2019
- Vedtekter for Handarbeidslaget
- Innstilling frå valnemnda (vert delt ut på årsmøtet)