Menu Close

Sykurs – bli kjend med lappeteknikk

Handarbeidslaget inviterer til sykurs tre måndagar i oktober. Det vert ei enkel innføring i lappeteknikk – eit kurs som passar både dei som har sydd lite eller ingenting før, og dei som har sydd litt, men som er nysgjerrige på lappeteknikk.

Log cabin. Foto Jen Jao. (Flickr – cc by)
  • 15. oktober 19.00-22.00
  • 22. oktober 19.00-22.00
  • 29. oktobet 19.00-22.00

Dei tre kurskveldane vil du bli kjend med teknikken log cabin. Vi skal kutte opp og sy saman ulike stoffbitar, applikere med symaskin, og har som mål at alle skal lage ein løpar.

Du treng symaskin og vanleg syutstyr. Skjæreutstyr kan du få låne.

Alle som melder seg på vil få meir informason når det nærmar seg.

Pris: 300 kr om du er medlem i handarbeidslaget Sans og Samling, 500 kr om du ikkje er medlem. Følg lenka for påmelding eller ta kontakt på handarbeidslaget@sansogsamling.net.

Medlemskap i Sans og Samling kostar 400 kr per år. Om du ønskjer å melde deg inn i samband med sykurset får du 100 kr rabatt på medlemsavgifta og betalar då 300 kr for kurset og 300 kr for medlemskapet, totalt 600 kr.


Singer symaskinkurs i 1910. Foto: Jens Knudsen Maurseth / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
(Flickr – no known copyright restrictions:https://flic.kr/p/28PTUN5)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.