Saksliste og sakspapir til Årsmøtet i Handarbeidslaget Sans og Samling 2016
Tid: Fredag 26. februar kl 19.00
Stad: Cafe Herman, Leikanger
Saksliste:
-
Godkjenning av innkalling
Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 21. januar. Informasjon vart også lagt ut på heimesida
-
Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
-
Årsmelding 2015
Styret presenterer årsmeldinga for 2015.
Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2015 til orientering.
-
Rekneskap 2015
Styret presenterer rekneskapet for 2015.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2015.
-
Vedtekter
Styret ønskjer ein fast vara og har eit forslag til endring av vedtektene.
§ 11 Årsmøtet sine oppgåver
6. Velje leiar, 4 styremedlemmar, ein vara og valnemnd. Leiar og vara vert vald for eitt år, styremedlemmane og valnemnda vert vald for to år. To av dei 4 styremedlemmane er på val kvart år slik at ein sikrar ei overlapping i tilfelle utskifting. Styret konstituerer seg sjølv etter Årsmøtet.
§ 13 Styret
Laget vert leia av et styre på 5 personar samt ein vara.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner vedtektene med dei forslaga som vart presentert av styret.
-
Fastsette kontingent for 2017
Årsmøtet set kontingentsatsen for 2017.
Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2017 til kr 400.
-
Budsjett 2015
Styret presenterer forslag til budsjett for 2016.
Foslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2016.
-
Årsplan 2016
Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2016. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.
-
Val av styre og valnemnd
Valnemnda presenterer si innstilling
Begge medlemmane av valnmenda vart vald for to år i 2015 og har eit år igjen av perioden.