Har du ei symaskin? Bli med på sykveldar med Handarbeidslaget Sans og Samling. Det er ope for alle, gratis og sosialt 🙂
Sykveldane passar for alle – både erfarne/godt trente og meir rustne eller ferske syarar. Her kan ein be om hjelp, få inspirasjon av andre og skravle litt innimellom syduren.
Stad: Leikanger barneskule (formingssalen)
Tid: Annakvar onsdag frå 19.00-22.00
Første samling vert onsdag 7/9.
Ta med alt du trenger – symaskin, saks, sytråd, stoff o.l. – og ein kopp til kaffipausen. Ein av oss tek alltid med litt kaffi og te og kanskje noko lite å bite i 🙂