Handarbeidslaget Sans og samling inviterer alle syglade barn, unge, foreldre, tanter, onklar og besteforeldre til sykveldar
Ta med symaskin, viss du har, elles så ordnar vi slik at alle får prøve seg litt på ei lånt symaskin. Ta også med litt stoff og anna materiale som du har lyst å bruke (t.d. glidelås, knappar, saks og kritt), og gjerne eit påbegynt prosjekt eller ein idé til eit nytt syprosjekt.
Vi held på frå kl. 17 til kl.18.30. Frå kl. 18.30 til 19 kan dei som ønskjer ete kveldsmat saman. Ta i så fall med eigen mat og drikke.
Om nokre av dei vaksne ønskjer å sy meir, så er det vanleg sykveld for vaksne frå kl. 19.00 og utover kvelden.
