Nysgjerrig på knipling? Bli med på kurs for nybyrjarar!
- Tid: To laurdagar i mars: 22. og 29. mars frå kl. 10 til kl. 16
- Stad: Tekstilrommet på Leikanger ungdomsskule
Kniplingar er ein type blondearbeid laga av trådar som blir slynga eller fletta om kvarandre og festa med knutar. Dei blir gjerne brukte til å dekorera andre tekstilar, ofte som bordar. Til å framstilla kniplingar bruker ein kniplepinnar, det vil seiar trepinner som trådane er vikla opp på, og ei kniplepute.
Dette kurset passar for deg som aldri har teke i en kniplepinne før og som vil lære grunnslaga og å lese arbeidsteikningar. Ingen forkunnskap er nødvendig. Kurset går gjennom vevslag, dobbeltslag og enkeltslag (lerretsslag, heilslag og halvslag).
Kurshaldar er Anne Margrete Stenstadvold.
Pris:
- Kursavgift: kr. 1000 for ikkje-medlemmar / kr. 700 for medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling
- Trådpakke: kr. 200 (nok til 2 prosjekt av kvart mønster)
- Kurshefte: kr. 350
I tillegg treng alle deltakrane kniplepute og kniplepinnar. Vi vil kjøpe inn slik at har som de kan leige eller eventuelt kjøpe. Dette kjem i tillegg til kursavgifta. : leige kr. xx / kjøpe kr. xx
Totalt: kr. 1550 / kr. 1250 (pluss kniplepute og kniplepinnar)
Kursdeltakarane må sjølve ha med
- knappenåler
- sakspenn og papir, til eigne notatar