Menu Close

Kurs i plantefarging

Plantefarging av garn

Bli med på kurs og lær korleis ein brukar ulike plantar frå hage og skog til å farge naturgarn.

Alle kursdeltakarane får prøve å farge sitt eige garn, som dei også får med seg heim etterpå. Det er også ein viktig teoridel, og deltakarane vil få med seg eit kompendium. Deltakarane vil kanskje få i oppdrag å ta med noko frå skogen eller hagen til kurset – de vil i så fall få beskjed om dette i god tid 🙂

Det er eit avgrensa tal plassar, og førstemann til mølla-prinsippet gjeld.

Påmelding via skjema (klikk for lenke)

Om kurshaldaren

Plantefarging av garn
Foto: Gitte Midtbø

Gardsfargeriet vert drive av Gitte som er ein planteelskar og ein notorisk garnsnusar. Garn frå norsk ull og fiber vert farga med plantar og naturmiddel. Målet er å bruke minst mulig kjemikalier, ta vare på den norske ulla og fiberen og få fleire til å få augene opp for den fantastiske råvara vi har!

Gitte har plantefarga sidan 2017 og er stort sett sjølvlært. Det viktige er å våge, meiner ho, og det som ikkje fungerer gir og viktig lærdom. På vegen som plante og naturfargar får ein stadig vekk oppleve magi.

Gitte tek også med ferdig farga garn og produkt for salg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.