Menu Close

Sogn bunadnettverk og strikkekafé

bilde i svart kvitt av kvinne med bunad og krone

Siri Benjaminsen frå Sogn bunadnettverk kjem til Leikanger tysdag 25. mars kl. 18.00. Ho vil snakke om arbeidet dei gjer i Sogn bunadnettverk, og om prosjekt og satsingar i 2025. Ho har også med seg strikkepakkar til både Sognevotten og Vigdalsvotten.

Du har vel fått med deg at bunadbruk i Noreg er blitt innskriven på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv? VI har invitert Sogn bunadnettverk til å kome til Leikanger for å dele, inspirere og engasjere.

Benjaminsen skulle eigentleg kome til Leikanger i samband med årsmøtet vårt 5. mars, men måtte avlyse på grunn av vær. Når ho no tek ho turen legg vi det til same dag som vi vanlegvis har strikkekafe. Men obs – vi startar allereie kl. 18.00 denne tysdagen! Same stad som vanleg: lokala til Leikanger frivilligsentral i 2. etasjen på Saften.

Arrangementet er gratis og ope for alle! Ta gjerne med strikketøy og heng igjen på strikkekafé etter foredraget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.