Menu Close

Familiesøm – sydag for vaksne og born

KI-generert bilde av barn og vaksne som syr

Er du glad i å sy? Har du ein son eller ei dotter, eller kanskje eit barnebarn, som er nysgjerrig på å sy? Er det kanskje litt lenge sidan sist du børsta støv av symaskina? Eller skulle du kanskje ha lappa og reparert litt klede…? Bli med på sydag for vaksne og born!

Handarbeidslaget Sans og Samling og Leikanger Ungdomslag inviterer til sydag for vaksne og born på Ungdomshuset søndag 6. april frå kl. 10 i ca 4-5 timar, eller til vi er leie. Ta med dykk symaskin og/eller anna de treng for å lage prosjekta de har planlagt, så samlast vi for å sy i lag, skravle, dele inspirasjon (og frustrasjon) og kanskje bytelåne litt utstyr og stoff.

Vi har nokre få symaskiner som går an å låne – sei frå om du treng å låne maskin, så skal vi sjekke om vi har nok.

Vi serverer enkel lunsj til alle, og det vert i tillegg høve til å kjøpe kaffi, brus, saft med meir i kiosken.

Hovudmålgruppa for dette er foreldre/besteforeldre og barn, men andre vaksne som vil vere med eg også hjartleg velkomne!

Påmelding via digitalt skjema innan 2. april.

Prisar:

  • Familie (ein vaksen og inntil 2 born): kr. 200
  •  Vaksen: kr. 150
  •  Born: kr. 50

Rabatt på kr. 100 per vaksen for medlemmar i Handarbeidslaget eller Ungdomslaget. Meld deg inn her: