Menu Close

Årsmøte 2025 og besøk frå Sogn bunadnettverk

Det vert årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling onsdag 5. mars kl. 18.00 på Café Herman (Riverdalen 3). Frå kl. 19.00 kjem Siri Benjaminsen frå Sogn bunadnettverk.

bilde i svart kvitt av kvinne med bunad og krone
Kvinne med brudedrakt og brudekrone fra Sogn. Foto Solveig Lund. Kjelde: Norsk folkemuseum.

Du har vel fått med deg at bunadbruk i Noreg er blitt innskriven på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv? Siri Benjaminsen vil snakke om arbeidet dei gjer i Sogn bunadnettverk, og om prosjekt og satsingar i 2025. Ho har også med seg strikkepakkar til både Sognevotten og Vigdalsvotten.

Arrangementet er gratis og ope for alle! Det vert høve til å kjøpe seg noko å drikke frå baren, og vi serverer kaffi og te til alle som vi ha.

Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Årsmøtet er laget sitt høgste mynde, og styret skal sende innkalling til medlemmane seinast ein månad innan møtet.

Styret vil oppmode alle om å betale inn medlemskontingent for 2025 i god tid før årsmøtet. Medlemskontingenten er kr 400 per år. Du kan betale via bank eller Vipps (Hugs å skriv namn i meldingsfeltet):

  • Kontonummer: 3705.26.33762
  • Vipps: 94348 

Meir info om kontingent: https://www.sansogsamling.net/kontingent/

Saksdokument til årsmøtet:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.