Menu Close

Lefsekurs med Kari Støfringsdal onsdag 2. april

Vi har inviterert sjølvaste Kari Støfringsdal til å halde lefsekurs på Leikanger. Dette er ein unik sjanse til å lære om lefsetradisjonen, og ikkje minst lære å lage lefser sjølv. Det er plass til maks 12 personar. Medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling som har betalt kontingenten for 2025 får høve til å melde seg på først. Betal kontingenten, så sender vi deg skjema 🙂

Gå til påmeldingsskjema

Litt om kurset: Vi lagar deig, kjevlar, steiker og lærer korleis vi pakkar inn leivane for å halde dei mjuke. Medan lefseleivane kjøler seg ned, nyt vi eit godt måltid før vi smør og brettar lefsene. De får lefsene som de lagar med dykk heim.

Tid: Onsdag 2. april frå kl. 17.00. Kurset varer i ca 5 timar.
Stad: Skulekjøkkenet, Leikanger ungdomsskule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.