Menu Close

Gamle skattar kan få nytt liv

Har du ein heimestrikka genser som ikkje lenger vert brukt? Eller kanskje ei heimelaga kåpe, eit hekla babyteppe, fint brukte barneklede eller andre heimelaga skattar som ligg og samlar støv i skåp eller på loft? Sjansane er store for at desse skattane kan få nytt liv hjå nokon andre. Handarbeidslaget Sans og Samling vil forsøke å sikre at heimelaga klede og utstyr kan leve så lenge som mogeleg. Dette er bra for klimaet og for lommeboka. 

Handarbeidslaget Sans og Samling er ein medlemsorganisasjon, og frivillige tek skift på den vesle butikken vår i Hermansverk sentrum, i kjellaren under Fjordklipp og Sogn Tavle og Data. Her har vi i mange år solgt heimelaga varer for medlemmene våre i opningstida, som er laurdagar frå 11 til 14. Frå 2. november vil vi også opne for at folk kan selje heimelaga ting som har vore brukt. 

Bruktsalet vil følgje same modell som sal av andre varer: Dei som leverer inn varene set ein pris, og av denne tek Handarbeidslaget 10% dersom du er medlem og 30% dersom du ikkje er medlem. Varene må leverast i butikken si opningstid, og første dag vert laurdag 2. november. Dersom varene ikkje vert selde kan Handarbeidslaget Sans og Samling be om at varene vert henta, for å sikre litt sirkulasjon på den vesle butikken vår. Inntektene frå sal går til å dekke husleige og andre kostnader laget har til drift. 

Illustrasjonsbilde: Norsk Folkemuseum/Digitalt museum