Menu Close

Sykurs hausten 2022

– mønsterkonstruksjon og søm av skjørt

24. og 25. september inviterer vi til sykurs på Leikanger. På dette kurset vil du lære å ta kroppsmål, lage mønster, tilpasse mønster og sy skjørt med glidelås og linning. Det er få plassar på dette kurset så meld deg på raskt for å sikre deg plass, frå 1. august vert påmeldinga opna opp for alle. 

Malin Venås

Kurshaldar er Malin Venås frå Dokka. Ho har sveinebrev i kjole- og draktsøm og er utdanna konfeksjonsteknikar. Ho har jobba i over 20 år med produktutvikling og  mønsterkonstruksjon, og har mellom anna vore med å utvikle både nye arbeidsantrekk til flyteknisk personell, og galla- og lakeiuniformar til serveringspersonell ved Det kongelige Norske Hoff. Les meir på https://motestoffer.no/

  • Stad: Leikanger barneskule, tekstilrommet (Holevegen 15, 6863 Leikanger)
  • Tid: Laurdag 25/9, ca. 7 timar + Søndag 26/9, ca. 3 timar
  • Pris: 1000 kr. for medlemmar av Handarbeidslaget Sans og Samling – 1200 kr. for andre
  • Påmeldingsfrist: 21. august

Deltakarane må stille med stoff ein ønskjer å lage skjørt av (fast/vevd), symaskin og litt utstyr. Oversikt vert sendt ut til alle som melder seg på i god tid før kurset. Om du ikkje har symaskin, men ønskjer å delta, ta kontakt. Vi har vi tilgang på nokre maskiner som ein kan låne.

Påmeldingsskjema: https://forms.gle/F9Z8uNjFfr5GRzwZ8 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.