Menu Close

Sakspapir til årsmøtet 9. mars 2022

No er det ei veke igjen til årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling, og her er sakspapira.

Når: onsdag 9. mars – årsmøte med servering frå kl 19.30
Kvar: Leikanger Fjordhotell

Vi serverer mat til alle som deltek og det vert høve til å kjøpe seg drikke til maten. Vi håper mange av våre medlemmar har lyst å bli med på ein kjekk kveld på hotellet på Leikanger.

Årsmøtet skal i følgje vedtektene haldast innan utgongen av februar, så vi er dessverre litt forseinka i år. Årsmøtet i år vert også litt spesielt sidan vi avlyste årsmøtet i 2021. Vi kjem til å presentere informasjon og rapportar også frå 2021. 

Saksliste

  1. Godkjenning av innkalling
    Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 9. februar 2021. Informasjon vart også lagt ut på heimesida og på Facebook. Innkalling skal gå ut til medlemmane seinast ein månad innan møtet.
  2. Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
    Forslag til møteleiar: Sigrun Espe
  3. Årsmelding 2020 og 2021
    Styret presenterer årsmeldinga for 2020 og 2021.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldingane for 2020 og 2021 til orientering.
  4. Vedtekter
    Styret foreslår å kunne utvide styret.
    Forslag til endring i §11 del 6:
    “Velje leiar, 4-6 styremedlemmar, ein vara og valnemnd. Leiar og vara vert vald for eitt år, styremedlemmane og valnemnda vert vald for to år. Halvparten av styremedlemmane er på val kvart år slik at ein sikrar ei overlapping i tilfelle utskifting. Styret konstituerer seg sjølv etter Årsmøtet.”
  5. Rekneskap 2020 og 2021
    Styret presenterer rekneskapen for 2020 og 2021.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskap for 2020 og 2021.
  6. Fastsette kontingent for 2023
    Årsmøtet set kontingentsatsen for 2023.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2023 til kr 400.
  7. Budsjett 2021 og 2022
    Styret presenterer forslag til budsjett for 2021 og 2022.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2021 og 2022.
  8. Val av styre og valnemnd
    Valnemnda si innstilling til styre og styret si innstilling til valnemdnt vert lagt fram.
  9. Årsplan 2022
    Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2022. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.

Vedlegg:

  1. Årsmelding 2020
  2. Årsmelding 2021
  3. Rekneskap 2020 og 2021
  4. Budsjett 2021 og 2022
  5. Vedtekter for Handarbeidslaget
  6. Innstilling frå valnemnda

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.