Handarbeidslaget Sans og Samling samlar saman restar av tau, stoff og garn og inviterer barn mellom 4 og 10 år til å lage si eiga regnboge. Ei heimelaga regnboge kan pynte opp på rommet, i eit vindauge eller kanskje i eit tre i hagen.
Alle som deltek vil få drikke og noko å bite i.
- Når: laurdag 3. juli frå kl. 11.30 til ca kl. 13.30
- Kvar: Utanfor butikken Sans og Samling/Riverdalen 2.
- Kven: Aktiviteten passar for barn mellom 4 og 10år . Alle under 7 år må ha med ein vaksen som kan hjelpe til.
- Vi har plass til maks 15 ungar. Påmeldingsskjema finn du via leikebilar under. Meld gjerne di interesse også på Facebook-sida vår.
Aktiviteten er ein del av Leikanger SommarMoro og vert arrangert i samarbeid med Leikanger Frivilligsentral.