Kjenner du til heimeproduktbua vår? Mange tok turen innom før jul og fann seg litt julepynt eller ei julegåve. Det var veldig kjekt å kunne flytte butikken opp og ut på gata dei laurdagane det var mogeleg.
Det er snart åtte år sidan vi skipa Handarbeidslaget Sans og Samling og opna eit utsal for heimelaga varer på Systrond – strikka, sydd, vevd, måla, dreid, perla, tvinna +++
Vi er veldig stolte av den vesle butikken vår, av alle dei flinke produsentane, og av dei frivillige som stiller som butikkvakter. Vi held ope berre nokre timar kvar laurdag, men de kan alltid ta kontakt med oss om de skulle vore innom butikken utanom opningstid.
Så lenge folk framleis er interesserte i å handle lokalt produserte, kortreiste varer, så vil vi forsøke å halde butikken open. Tips gjerne andre de kjenner som kanskje kunne vore interessert i det vi har.
Sidan det er litt spesielle tider så kjem butikken til å vere stengt i starten av januar 2021. Vi håpar å kunne opne igjen som vanleg frå 23. januar. Følg med på Facebook for meir informasjon