Er du nysgjerrig på surdeig? På surdeigskveld med Sigrid kan du lære å lage gode, sunne bakevarer med surdeig, smake ulike surdeigsprodukt og få med deg ein surdeigssats heim.
Det er plass til 20 personar. Alle kan melde seg på, men medlemmar i handarbeidslaget Sans og Samling har førsterett på plassane om det blir stor interesse. Kvelden vert ikkje arrangert med mindre enn 8 deltakarar.
Påmelding via skjema (følg lenka) eller på SMS til 99044666 (Sigrun).
- Når: tysdag 25. februar kl. 18.00, ca to timar
- Kvar: Skulekjøkkenet på Leikanger Ungdomsskule
- Pris: kr. 200 for medlemmar i handarbeidslaget Sans og Samling, kr. 250 for andre.
Vil du melde deg inn i handarbeidslaget? Les meir på nettsida vår: www.sansogsamling.net/meld-deg-inn-i-handarbeidslaget