Handarbeidslaget Sans og Samling feirar jonsok med sommarkafé, hoppetauverkstad og sommarsal på kjolar og skjørt. Vi held også ope ein time lenger enn vanleg. Ta turen innom butikken vår laurdag 23. juni mellom 11 og 15.
Sommarkafé: kjøp kaffi/te og kake for ein billig penge. Eventuelt overskot går til Sans og Samling sine faste medlemsaktivitetar – strikkekafeen og sykveldane.
Hoppetauverkstad: Vil du lage ditt eige hoppetau? Vi brukar gamle tekstilar og hjelper deg med å lage ditt eige hoppetau. Alle får med seg hoppetauet dei lagar gratis. Vi startar med dette ca 11.30 og held på så lenge tekstilane rekk.
Sommarsal: Alle kjolar og skjørt av merka «Artige kjolar» og «Randesign» er sett ned til halv pris. Her er eit lite utval av kjolane vi sel på butikken: