Menu Close

Siste strikkekafé før sommaren

Tysdag 24. april er det strikkekafé på Sans og Samling. Dette vert den siste samlinga før strikkekafeen tek sommarferie. Tusen takk til alle som har vore med oss så langt i år, og velkomne tilbake i haust. Vi satsar på å halde fram med strikkekafé annankvar tysdag med oppstart i september.

I haust vil vi vurdere å ha ulike tema på strikkekafeane, som til dømes ulike strikketeknikkar eller anna. Kom gjerne med innspel om det er noko du vil lære/høyre meir om, eller om det er noko du kunne tenke deg å lære vekk/vise fram.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.