I haust har handarbeidslaget hatt faste sykveldar og strikkekveldar, og dette vil vi halde fram med i januar.
Tysdagar i oddetalsveker, frå kl 19 til 21, vert det strikkekafé i butikklokala til Sans og Samling (Riverdalen 3, i kjellaren til Fjordklipp og Sogn Tavle og Data). Første gong vert tysdag 16/1.
Tysdagar i partalsveker, frå kl 19 til 22, vert det sykveldar i tekstilrommet på Leikanger barneskule. Første gong vert tysdag 9/1.
Begge arrangementa er gratis og opne for alle. Følg med på Sans og Samling på Facebook for oppdateringar.