Har du framleis ikkje vore innom på Sans og Samling? Det er ikkje for seint. Du rekk det til og med før jul om du manglar ei gåve eller tre. Siste sjanse før jul er torsdag 21. desember frå 17 til 19. Vi held til i kjellaren under Fjordklipp og Sogn Tavle og Data.
Som eit ekstratilbod for alle som kjem heim på besøk i jula, vil vi – så langt det er mogeleg – opne butikken om nokon ønsker å handle eller kikke. Er dette av interesse? Ta kontakt på 990 44 666 (Sigrun) eller 915 29 469 (Liv Torill).
Etter jul held vi ope laurdagar frå 11 til 14.