Tysdag 28. februar kl 18 vert det årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling. Vi håper mange av våre medlemmar vil delta og kome med innspel til sakene og idear til aktivitetar i 2017. Etter årsmøtet vert det strikkekafé.
Møtet vert i dei nye lokala våre i kjellaren til Sogn Tavle og Data. Meir informasjon om og dagsorden med saksliste vert sendt ut til alle medlemmane seinast ei veke før årsmøtet. Om medlemmar har saker dei vil at årsmøtet skal ta stilling til må desse sendast inn til styret seinast to veker før møtet, altså innan tysdag 14. februar.
Alle medlemmar som har betalt medlemskontingenten for 2017 har stemmerett.
Saker som skal opp på årsmøtet:
- Vedtekter
- Årsrapport for 2016
- Rekneskap for 2016
- Budsjett for 2017
- Kontingent for 2018
- Val av styre og valnemnd
Alle som var medlem i 2016 får innkalling til Årsmøtet 2017. Om du ikkje har betalt medlemskontingenten for 2017 må du hugse å gjere det. Alle skal ha fått e-post med betalingsinformasjon, men all informasjon ligg også på heimesida vår: http://www.sansogsamling.net/p/innmelding.html
Pingback:Årsmøte 2017 – saksliste og sakspapir – Handarbeidslaget Sans og Samling