Sans og Samling sin butikk er på flyttefot igjen!
Vi har pakka ned alle dei flotte heimelaga tinga og frakta dei med oss frå andre etasje i Saften, over parkeringsplassen og ned i kjellaren til Sogn Tavle og Datamontering og Fjordklipp – gamle Kikkakjellaren for dei som hugsar den ?
Vi skal male litt og få på plass nokre nye møblar før vi opnar igjen om nokre veker. Vi skal halde dykk oppdatert!