Fredag 26. februar kl 19.00 vert det Årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling. Vi håper mange av våre medlemmar vil delta og kome med innspel til sakene og til aktivitetsplanen for 2016.
Etter at møtet er ferdig inviterer vi alle medlemmar til lukka medlemsfest. Inngangspris kr 50. Det vert servert varmmat og ein kan kjøpe øl, vin eller mineralvatn.
Dagsorden med saksliste vert sendt ut til alle medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet. Om medlemmar har saker dei vil at Årsmøtet skal ta stilling til må desse sendast inn til styret seinast to veker før møtet, altså innan onsdag 11. februar. Alle medlemmar som har betalt medlemskontingenten for 2016 har stemmerett. Er du usikker på om du har betalt? Ta kontakt.
Tid: fredag 26. februar kl. 19.00
Stad: Herman
Dei sakene vi veit at Årsmøtet skal handsame er:
- Vedtekter
- Årsrapport for 2015
- Rekneskap for 2015
- Budsjett for 2016
- Kontingent for 2017
- Val av styre og valnemnd
Alle som var medlem i 2015 får innkalling til Årsmøtet 2016 på e-post. Dei som ikkje har betalt medlemskontingenten for 2016 må gjere det før møtet. Alle skal ha fått e-post med betalingsinformasjon, men all informasjon ligg også på heimesida vår.
Pingback:Sakspapir til Årsmøtet 2016 – Handarbeidslaget Sans og Samling