Handarbeidslaget Sans og Samling inviterer alle strikkeglade til strikkekafé torsdag 29. oktober kl 19.00 og annankvar torsdag etter det.
Stad: Leikanger folkebibliotek, andre etasje på Saften.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Det vert enkel servering – kaffi, te og kanskje noko lite å bite i – til ein snill pris.
Strikkekafé hausten 2015:
- torsdag 29/10 kl 19.00
- torsdag 12/11 kl 19.00
- torsdag 26/11 kl 19.00
- torsdag 10/12 kl 19.00