Bli venn med symaskina di. Bli med på sykurs over tre kveldar:
- Torsdag 22/10 kl. 19-22
- Torsdag 29/10 kl. 19-22
- Tysdag 5/11 kl. 19-22
Lær om saumar og teknikkar, ulike typar stoff, knapphull, skråband, glidelås m.m.
Pris: kr. 300 for medlemmar (medlemskap kr 400 per år – meld deg gjerne inn 😉 ) – kr. 500 for andre
Første kvelden startar vi med å teste ut maskina og sy «prøvelappar» som vi kan setje saman til noko – ei veske kanskje? Andre kvelden lagar vi noko av alle lappane våre – og litt ekstra stoff. Tredje kvelden kan vi sy ein barnegenser, t-skjorte eller noko heilt anna. Eit skjørt kanskje? Vi bestemmer det undervegs i kurset.