Menu Close

Stengt butikk laurdag 18. april

Laurdag 18. april held butikken Sans og Samling stengt. Vi oppmodar alle om å ta turen til Hanahaug og Kjeringi Open-arrangementet.

Det er program frå kl 10.00 på Hanahaug:

  • frå kl. 10 – Kiosk med sal av grillmat, kaker, frukt, brus og kaffe.
  • kl. 11-12 – Kjeringi Open junior: sykkelløype for born tom. 4.klasse
  • kl. 12-13 – Stjerner i Sikte: Underhaldning med song og dans på scena av born 1. – 6.klasse
  • Salsboder: Erling Røysum Sport 1, Alm Gard iskrem, Tine Vik – gamalost og mylse, Elvebakken Gardsysteri, Kalddakari ekte geitost og brun mølsa, Norgesmat – spekepølser, Bos hagedekor

Hugs å ha med kontantar!

Kl. 13.00 opnar Kjeringi Open. Fellesstart frå Kjeringifjell er kl 13.14, og speaker på Hanahaug held oss oppdaterte.

Kl. 15.14 Inviterer Sogn Fjordsymjeklubb til opning av årets badesesong i hotellhagen til Leikanger Fjord Hotel. Ta med badekle og handkle.

Premieutdelingen vert kl 15.30.

Meir informasjon: www.kjeringi-open.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.