Menu Close

Årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling 2015


Tid: Onsdag 25. februar kl 19.00
Stad: Sans og Samling, Lundevegen 8, 6863 Leikanger

Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling

Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 26. januar. Informasjon vart også lagt ut på heimesida 29. januar. Sjå vedlegg #1
  1. Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen

  2. Årsmelding 2014

Styret presenterer årsmeldinga for 2014. Sjå vedlegg #2.
Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2014 til orientering.
  1. Rekneskap 2014

Styret presenterer rekneskapet for 2014. Sjå vedlegg #3.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2014.
  1. Vedtekter

Styret presenterer forslag til endringar av vedtektene. Sjå vedlegg #4.
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner vedtektene.
  1. Fastsette kontingent for 2016

Årsmøtet set kontingentsatsen for 2016.
Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2016 til kr 400.
  1. Budsjett 2015

Styret presenterer forslag til budsjett for 2015. Sjå vedlegg #5
Foslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2015.
  1. Årsplan 2015

Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2015. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.
Forslag til vedtak: Årsmøtet gir styret ansvar for å ferdigstille og oppdatere årsplanen for 2015.
  1. Val av styre og valnemnd

Innstilling frå styret:
  • Leiar: Sigrun Espe
  • Styremedlemmar: Anne Lise Breidvik, Marit Anita Skrede, Liv Torill Espe og Anne Margrete Stenstadvold.
  • Valnemnd:
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel kandidatane fremja av styret.

Vedlegg:

  1. Årsmelding 2014
  2. Rekneskap 2014
  3. Vedtekter for Handarbeidslaget
  4. Budsjett 


2. Årsmelding 2014

Stifting:

Onsdag 5. mars vart det arrangert ope informasjonsmøte for å diskutere eventuell etablering av eit handarbeidslag. Dei som var interesserte i å sitje i eit styre fram til første Årsmøte i 2015 møttes igjen 10. mars og Handarbeidslaget Sans og Samling vart stifta. Styret konstituerte seg sjølv:

  • Sigrun Espe (leiar)
  • Anne Lise Breidvik (butikkansvarleg)
  • Odrun Ugulsvik Myklebust
  • Marit Anita Skrede
  • Liv Torill Espe
  • Anne Margrete Stenstadvold
  • Mona Ølmheim (trakk seg frå styret 23. april)

Butikken Sans og Samling:

Ein av hovudaktivitetane til handarbeidslaget er å drive heimeproduktbua Sans og Samling. Her kan både medlemmar og andre levere inn sine heimelaga produkt. Handarbeidslaget tek 10% av salsprisen på produkt som medlemmar sel og 30% på det som ikkje-medlemmar sel.

Butikken opna for første gong Palmelaurdag, 12. april. Etter utvida opningstider i påska vart dei faste opningstidene satt til laurdagar frå 12 til 15 og torsdagar frå 17 til 19. I desember hadde vi utvida opningstider nokre torsdagar, ein laurdag og ein søndag.

Husleige på kr 1500 per månad frå april: kr 13 500
Straumutgifter: kr 2 847,61
Overskot frå sal til handarbeidslaget i 2014: kr 4 994,80

Aktivitetar:

Sommarfesten: Handarbeidslaget hadde stand med aktivitetar for born under Sommarfesten 16. august. Borna kunne lage armband og snorer med ulike metodar og materialer.

Strikk og drikk på Herman: 9 måndagar frå 18. august til 8. desember. Oppmøte varierte frå om lag 5 til 25 personar.

Kreativt Kaos: Vi planla 8 samlingar, 4 for vaksne og 4 for barn, frå september til desember. Det var dessverrelite interesse for dette, så vi gjennomførte berre ei samling for born. Dei som deltok lærte å lage kort. Vi annonserte 5 samlingar som ikkje fekk nok påmeldingar, og avlyste dei siste to planlagde samlingane i desember.

Fruktbare dagar: Handarbeidslaget samarbeida med Skald forlag om ein aktivitet for born under Fruktbare dagar 4. oktober. Borna tova ei snøhumle inspirert av karakteren frå ei av Skald sine barnebøker.

Symaskinkurs: Vi gjennomførte sykurset “bli venn med symaskina di med 8 deltakarar tre kveldar i november og desember. Deltakaravgifta var kr 300, så inntektene frå dette kurset var kr 2 400.

Julemesse: Handarbeidslaget var medarrangør på “Førjulssøndag i ungdomshuset” første søndag i advent – 30. november. Vi hadde ansvar for organsering og gjennomføring av arrangementet, samt hovudansvar for salsbodene med heimelaga varer. 9 personar deltok og solgte eigne og andre sine produkt. Det var færre innom julemessa i 2014 enn i  2013, og difor også mindre sal. Kvar av dei fem organisasjonane som var med å arrangerte fekk kr. 2 762.

Medlemmar:

Ved utgangen av 2014 hadde Handarbeidslaget Sans og Samling 39 medlemmar. Kvar medlem betalar kr 400 i medlemskontingent. Seks av medlemmane meldte seg inn seint på året og betalte difor kr 200 i kontingent, og den siste medlemmen meldte seg inn i slutten av desember og slapp difor betale kontingent for 2014.

Handarbeidslaget har fått inn kr 15 000 i medlemskontingent for 2014.

Økonomi
Handarbeidslaget har hatt inntekter frå kontingentar, sal i butikken, kulturstøtte frå kommunen, symaskinkurs, kreativt kaos/aktivitetskveld og overskot frå «Førjulssøndag i Ungdomshuset». Våre utgifter er til husleige, straum og ulike nødvendige innkjøp til å drifte butikken og arrangere aktivitetar.

Sjå rekneskapen for meir informasjon om handarbeidslaget sine inntekter og utgifter.

3. Rekneskap 2014

Utgifter:
Husleige 13500,00
Straum 2947,61
Utstyr til kurs og aktivitetskveldar 400,00
Møteutgifter 0
Diverse innkjøp 0
SUM 16847,61
Inntekter:
Medlemskontingent 15000,00
Julemesse 2762,00
Aktivitetskveldar/kurs 2400,00
Provisjon frå butikksal 4994,80
Støtte frå Leikanger kommune 4000,00
Støtte frå Sparebankstiftinga 0,00
SUM 29156,80

4. Forslag til vedtekter for Handarbeidslaget Sans og Samling

§ 1    Namn

Lagets namn er: Handarbeidslaget Sans og Samling, og det vart stifta 10. mars 2014.

§ 2    Formål
Handarbeidslaget Sans og Samling skal vere ein organisasjon for alle som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast på Systrond og som ønskjer å bidra til å skape sosiale møteplassar for medlemmane og andre i Leikanger kommune.

§ 3    Juridisk person
Laget er sjølveigande og ein frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4    Medlemmar
Medlemskap er ope for alle. Ein betalar ein medlemskontingent bestemt av årsmøtet.

§ 5    Stemmerett og valbarheit
Alle medlemmar som har betalt medlemskontingent når Årsmøtet startar har stemmerett og kan stille til val.

§ 6    Kontingent
Kontingenten vert bestemt av årsmøtet og gjeld for kalenderåret.

§ 7    Godtgjersle til tillitsvalde
Tillitsvald skal ikkje ha honorar for sine verv.

§ 8    Årsmøte
Årsmøtet, som vert avvikla innan utgongen av februar, er laget sitt høgste mynde.

Styret kallar medlemmane inn til Årsmøte seinast ein månad innan møtet. Forslag som skal handsamast på Årsmøtet skal sendast skriftleg til styret seinast to veker før møtet. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet.

Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å være til stade.

Årsmøtet er vedtaksført med det talet på medlemmar med stemmerett som møter. Ingen har meir enn ei stemme, og stemmegiving kan ikkje skje ved fullmakt.

Årsmøtet kan bare handsame forslag om vedtektsendring som er oppført på sakslista seinast ei veke før møtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei med stemmerett som er på møtet krev det. Ei slik avgjersle kan bere fattast når ein godkjenner sakslista.

§ 9    Leiing av årsmøtet
Årsmøtet vert leia av vald ordstyrar. Ordstyraren må ikkje vere medlem av laget.

§ 10    Stemmegiving på årsmøtet
Med mindre anna er bestemt skal eit vedtak for å vere gyldig vere fatta med alminneleg fleirtal av dei gitte stemmene. Blanke stemmer vert sett på som ikkje gitt.

Val vert gjennomført skriftleg om det er meir enn eitt forslag. Berre føreslåtte kandidatar kan førast opp på stemmesetelen. Val føregår enkeltvis. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje har vorte føreslått, eller fleire eller færre kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje, og stemmene vert sett på som ikkje gitt.

§ 11    Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal:
1.    Handsame årsmelding
2.    Handsame regnskap
3.    Handsame innkomne forslag
4.    Fastsette kontingent
5.    Vedta budsjett
6.    Velje leiar, 4 styremedlemmar og valnemnd. Leiar vert vald for eitt år, styremedlemmane og valnemnda vert vald for to år. Ein bør sørgje for at to av dei 4 styremedlemmane er på val kvart år slik at ein sikrar ei overlapping i tilfelle utskifting. Styret konstituerer seg sjølv etter Årsmøtet.
   
§ 12    Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter vert halde når styret eller minst ein tredjedel av medlemmar med stemmerett ønskjer det.

Ein kallar inn på same måte som for ordinære årsmøter, minst 14 dagar innan møtedatoen.

Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og ta avgjersle i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 13    Styret

Laget vert leia av et styre på 5 personar. Styret er høgste organ mellom årsmøta og skal styre laget i tråd med årsmøtevedtak.

Styret har ansvar for å sørgje for butikkdrift, ta inn medlemskontingent, kalle inn til årsmøte, koordinere aktivitetar, opprette arbeidsgrupper etter behov, budsjett, rekneskap, rapportar og, evt. søke eksterne midlar.

Styret har møte ved behov eller ønskje.

Styret er vedtaksført når et fleirtal av medlemmane er til stade. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gitte stemmene. Ved likt tal stemmer tel møteleiaren si stemme dobbelt.

§ 14    Vedtektsendring
Vedtektene kan berre endrast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, med 2/3 fleirtal av gitte stemmer.

§ 15    Oppløysing
Dette punktet kan ikkje endrast.

Oppløysning av Handarbeidslaget Sans og Samling kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Om oppløysning vert vedteke med minst 2/3 fleirtal, kallast det inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare.

Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysning. Vedtak om samanslutning og nødvendige vedtektsendringar knytt til dette vert fatta samsvar med § 14.

5. Budsjett

 

Utgifter: Rekneskap 2014 Budsjett 2015
Husleige 13500 18000
Straum 2948 4000
Kurs og aktivitetskveldar 400 5000
Møteutgifter 0 1200
Diverse innkjøp 0 1800
SUM 16848 30000
Inntekter:
Medlemskontingent 15000 16000
Julemesse 2762 3000
Kurs og aktivitetskveldar 2400 2500
Provisjon frå butikksal 4995 4500
Støtte frå Leikanger kommune 4000 4000
SUM 29157 30000

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.