OBS – nye datoar!
Vi i handarbeidslaget Sans og Samling vil gjerne hjelpe deg med å:
BLI VENN MED SYMASKINA DI
Vi vil arrangere eit lite sykurs – over tre kveldar – der vi ser på dei vanlegaste oppgåvene ein vil bruke symaskina til:
- Saumane maskina har
- Bruke ulike typar stoff
- Sy knapphull – skråband – glidelås m.m.
Første kvelden startar vi med å teste ut maskina og sy «prøvelappar» som vi kan setje saman til noko – ei veske kanskje? Vi øvar på å sy på ulike stoff.
Andre kvelden lagar vi noko av alle lappane våre – og litt ekstra stoff.
Tredje kvelden kan vi sy ein barnegenser, t-skjorte eller noko heilt anna. Eit skjørt kanskje? Vi bestemmer det undervegs i kurset.
Kurset vert måndagar kl. 19.00 – 22.00 på formingsrommet på barneskulen.
Datoar:
- 3. november
- 17. november
- 1. desember
Prisar :
- Medlemmar i handarbeidslaget kr. 300,-
- Ikkje-medlemmar kr. 500,-
Det skal løna seg å vere medlem, så meld deg inn!
Ta kontakt om det er noko du lurer på:
handarbeidslaget@