Få frustrasjonen ut gjennom broderi. Eller kanskje humoren? Døme på vanlege bodskap: «Støv suger», «Ikkje mas», «Meir av alt – no, takk!», «Gløym det», «Du ditt julenek»… Eller kva med noko meir lokalt, som «Lite strinne». Lag ditt eige mønster eller bruk eit av våre mønster, og lag ditt eige unike broderi.
Foto: Buskerud fylkesbibliotek (cc-by-nc) |
- for vaksne måndag 8/9 kl 19.00 til 22.00
- for barn (ca 10-14 år) måndag 22/9 kl 17.00 til 19.00
Pris:
- medlem/barn av medlem av handarbeidslaget Sans og Samling kr 100
- ikkje-medlem kr 250.
Prisen inkluderer utstyr, hjelp/instruksar, kaffi/te/saft og noko lite å bite i.
Påmelding:
Meld deg på ved å:
- fylle ut skjema under,
- sende ein e-post til handarbeidslaget@sansogsamling.net eller
- ring/send melding til mobil: 99044666.
Vi vil vite:
- Namn, e-postadresse og mobilnummer
- Kva kurs du vil melde deg på (vaksen/barn)
- Evt. alder på barn
- Vil du samtidig melde deg inn i handarbeidslaget Sans og Samling og få rabatt? Tilbod: halv pris for 2014 om du melder deg inn og betalar kontingent for både 2014 og 2015.