Handarbeidslaget Sans og Samling er i gong med å planlegge året, og ein del ting er allereie på plass. Fleire ting er under planlegging, og vi vil gjerne ha innspel til kva anna de vil vi skal gjere i år!
Faste arrangement:
Onsdag 5. mars frå kl. 18.00: Årsmøte på Herman med besøk frå Sogn bunadnettverk
Onsdag 2. april frå kl. 17.00: Lefsekurs med Kari Støfringsdal
22. og 29. mars: Kniplekurs for nybyrjarar med Anne Margrethe Stenstadvoll
Laurdag 24. mai: Kurs i plantefarging av garn med Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet
I tillegg til dette ønskjer vi å forsøke å få til eit nytt surdeigskurs, og vi har planar om ein temakveld der vi inviterer nokon frå Ukraina til å snakke om tradisjonelt kunst og handverk frå deira land.
Alle arrangement er ope for alle. Nokre arrangement er gratis (strikke- og sykveldane til dømes), medan andre vil koste litt. Når det kurs med påmelding og kursavgift vil medlemmer i handarbeidslaget få høve til å melde seg på før ikkje-medlemmer, og vil også få rabattert pris. Vil du bli medlem og støtte våre aktivitetar? Meld deg inn via skjema på heimesida.